VizBox Bergen og årets geogründer

Saturday, March 21st, 2015 | Data visualization

Geomatikkdagene 2015 gjekk av stabelen 17.-19. mars på Lillehammer. Geomatikk handlar om å kombinere tradisjonelle kartfag med informasjonsteknologi, som inkluderer alt frå oppmåling og datainnsamling til presentasjon av data på kart.

Fem geogründerar var inviterte til konferansen for å presentere prosjekta sine, og eg presenterte eksperimenta eg har gjort med projisering av grafikk på 3D-printa terrengmodellar. Det var mange spennande prosjekt, men etter avstemminga var eg den heldige som vart kåra til ‘årets geogründer’! Hurra!

 

The VizBox Experiments

Eg presenterte både nye og gamle eksperiment. Under kan du sjå dei første eksperimenta, der eg tok utgangspunkt i eit 3D-printa kart over Sør-Noreg og bygningskomplekset til School of Cinematic Arts i Los Angeles:

 

VizBox Bergen

I tillegg presenterte eg nokre nye eksperiment der eg har tatt utgangspunkt i Bergen by og omegn:

 

I tillegg til heder og ære var premien å få delta gratis på Geomatikkdagene 2017 – og det gledar eg meg til!

Tags: , , , , , ,

2 Comments to VizBox Bergen og årets geogründer

[…] 2015: I have made a new prototype and video, and won a prize for the work! See the new blogpost: “VizBox Bergen og årets geogründer” (in […]

[…] «VizBox» viser hvor flott resultatet kan bli når man projiserer grafikk på 3D-printa terrengmodeller. Les mer om prosjektet her […]

Leave a comment