DogA

3,5 års arbeid på 6 minutt og 40 sekund

Sunday, October 23rd, 2011 | Events, General, Navimation examples | No Comments

(In Norwegian only. English version underway)

For nokre veker sidan oppsummerte eg doktorgradsprosjektet mitt på 6 minutt og 40 sekund. Her ser du resultatet:

Denne presentasjonen vart laga for Pecha Kucha Night Oslo, som arrangerast med jamne mellomrom på DogA. Pecha Kucha skal vere ein inspirasjonskveld med lynforedrag om arkitektur, design og kunst. Kvar talar får ta med 20 bilete som kvart blir vist i 20 sekund, til saman 6 minutt og 40 sekund. Heldigvis fekk eg lov å bytte ut nokre av bileta med video – noko som var essensielt for å formidle arbeidet mitt.

Tags: , , , , , , ,